Om meg

 

 

Kanelia Mikrobakeri held til i den vakre øykommuna Herøy på Sunnmøre, nærmare sagt i Stokksund. Mikrobakeriet vart etablert og drivast av Trude Sofie B. Voldsund sidan Desember 2024. 

Eg produserar i hovudsak ulike typar surdeigsbrød. Å lage surdeigsbrød er ein veldig lang og tidkrevjande prosess. Det tok ein del prøvingar før eg mestra den gamle bakekunsten.

Eg bakar med det ein kalla bakeprosent - der mjølet alltid er 100% av oppskrifta. Deretter reknar eg 20% surdeigsstartar og 2% salt. Vannmengda i ei deiga kallar vi hydrasjon. Det vanlegaste er å bake ein stad mellom ca. 60 - 80% hydrasjon. Til høgare hydrasjon det er i deiga, til vansklegare er den å handtere, og det krevast derfor ein god del erfaring for å få eit godt resultat.

Eg har testa mange kombinasjonar av proteinrike mjøltypar, og har no laga mi eiga oppskrift som gir eit smakfult og saftig surdeigsbrød.

I 2025 vil eg fortsette eksperimenteringa av nye mjølkombinasjonar og  smakstilsetningar for surdeigsbrød. Eg vil også tilby kanelknutar og andre gode bakverk.