velkommen til
kanelia MIKROBAKERI
Her kan du førehandsbestille deilige, ferske surdeigsbrød og anna bakst, som er laga for hand i mitt mikrobakeri i Stokksund, Herøy.
Kanelia Mikrobakeri baserar seg på
førehandsbestilling og henting.
Dei langtidsheva surdeigsbrøda er laga av 100% surdeig og har ein nydelig aroma, sprø skorpe med mjuk og saftig innside. Dei er naturlege med kun innhold av proteinrikt mjøl, vatn og salt- slik det burde være. Og så gjer det heller ikkje noko at dei ser ut som små kunstverk.

TIPS!
Fresh opp surdeigsbrødet
- det blir like godt som nysteikt!
Dette er noke av det beste eg veit når det kjem til surdeigsbrød - å få nysteikt surdeigsbrød akkurat når det passar meg, uten å verken aktivere surdeigsstartar, sette deig osv.
Om surdeigsbrødet har vore fråse, eller låge på benken i nokre dagar kan du gjer enkle grep for å få eit nydeleg ferskt og godt surdeigsbrød igjen med knasande sprø skorpe. Surdeigsbrødet kan ver heilt inntørka som ein hard skalk og det blir likevel ferskt igjen! Dette må du berre prøve altså!
Slik gjer du:
1. Tin brødet om det har våre fråse
2. Forvarm ovnen til 220 grader varmluft
3. Bløyt skorpa godt i nokre sekund under rennande vatn
4. Steik i ca. 10 min. midt i ovnen
5. Nyt!!
UTLEVERINGAR VEKE 21 UTGÅR PGA. ARRANGEMENT
Tirsdag 27.05 kjem det cruiseskip til Fosnavåg, derfor skal Kanelia ha stand i sentrum denne dagen.
Kom gjerne innom for å kjøpe noko godt eller hilse på.
Torsdag 29.05 Utgår pga. helligdag og stengt barnehage. I tillegg blir prinsessa mi 2 år
BESTILLING FOR VEKE 22 ER OPEN NO
Du kan allerede sikre deg bakst for veke 22.
SOMMARFERIE
Vi tek tidleg sommarfeire i år, derfor blir veke 22 den siste opne veka.
GOD SOMMAR!
henting tIrsdag
OBS! 03.06
TILGJENGELIG FOR HENTING
I STOKKSUND (14 - 19), ULSTEINVIK (15 - 20)
BRØDBOKS FOSNAVÅG OG HAREID (15 - 18)
Ved bestilling mottek du ein bekreftelse på mail. Her står bl.a. hentedag, opningstid og adresse for henteplass og telefonnummer - ikkje nøl med å ta kontakt om du lurar på noko.
henting torsdag
OBS! 05.06
TILGJENGELIG FOR HENTING
I STOKKSUND (14-19) OG ULSTEINVIK (15-20)
Ved bestilling mottek du ein bekreftelse på mail. Her står bl.a. hentedag, opningstid og adresse for henteplass og telefonnummer - ikkje nøl med å ta kontakt om du lurar på noko.
FÅ VEKENTLEG BESKJED NÅR BESTILLINGA ÅPNAR
LITT OM SURDEIGSBRØDET
Surdeigsbrød er den urgamle måten å lage brød på - før vi fikk gjær ein gong utpå 1800-talet. Det tar lang tid, mykje kjærleik, proteinrikt mjøl og ein boblande surdeigsstartar for å lage eit godt surdeigsbrød.
Eit surdeigsbrød har gjennomgått ein fermenteringsprosess som er med på å bryte ned ufordøyelege karbohydrat i mjølet, slik at det blir lettare fordøyeleg for oss. Brøda er også rike på bl.a. kostfiber som kan gi bedre fordøyelse og tarmhelse. Surdeigskulturen kan betre opptaket av mineral i tarmen. For ikkje å snakke om at dei har heilt naturlig innhald - vi kjenner til alle orda i ingredienslista. Her er kvart brød laga for hand, og er verken
masseprodusert eller ultraprossesert.
Kontakt
Hagemannsvegen 10
6070 Tjørvåg
Ta gjerne kontakt!
Eg svarar så raskt som råd
Hentetid
TIL VANLEG: TIRSDAG OG TORSDAG
STOKKSUND 14 - 19
ULSTEINVIK 15 - 20
BRØDBOKS FOSNAVÅG 15 - 18
BRØDBOKS HAREID 15 - 18
Kontakt
+47 454 71 275
Sosialt
HER HOLDER EG TIL
Hagemannsvegen 10
6070 Tjørvåg